mandag 20. april 2009

Battlestar Galactica


Eg er frelst.


Galactica er eit gamalt stjerneskip som nærmast fungerar litt som eit museum, men når menneskeskapte robotar, som har forsvunnne etter ein lang og hard krig med menneska, kjem tilbake etter 40 år, og fullstendig øydelegg planeten Caprica og dei 11 andre tilhøyrande koloniplanetane, så blir Galactica sittande igjen med resten av menneska i universet.

Dei gjer det beste ut av situasjonen, og legg på flukt frå cylonane. Hoppar rundt i universet og slit med problemar som kan synast trivielle i ein slik situasjon: val av president, drivstoffmangel og reproduksjon.


Det kan høyrast litt nerd ut, men det er sci-fi for alle, og det anbefalast!