mandag 8. desember 2008

Gutten i den stripete pyjamasen

Utgitt: 2007
Språk: bokmål
Forfatter: John Boyne

Året er 1942, og me følgjer Bruno og familien hans som må flytte frå Berlin til Polen. På den nye plassen møter Bruno Shmuel. Shmuel er jøde og bor bak eit høgt gjerde. Dei blir vener.
Dette er ikkje ei rørande historie, men boka grip tak i deg, og ho held deg nådelaust fast til du e ferdig å lese ho, fram til du sitt med boka i fanget og berre stirrar ut i lufta og egentlig ikkje tenkjer på noke, du berre føler for å sitte litt. Det er ei forteljing skildra gjennom barneauge, og gir deg ein heilt ny lesaroppleving; det naive og barnlige synspunktet som pregar boka, står i sterk kontrast til den alvorlige hendinga, og du sitt igjen med eit inntrykk av at det e du som har spilt alle rollane i boka. Du kan forresten lese ho uansett kor gamal du er. Du bør lese ho uansett kor gamal du er.
"Å, nei! Ikkje ei til bok om krigen. Alle veit jo de greiene der", tenkjer du kanskje?
Vel, det gjorde eg og. Men så hadde eg no fått boka med som busslektyre av min mor, så eg leste ho. Og det er ein grunn til at eg anbefalar denne boka, ho er noko av det mest gripande eg har lest. Trykk her hvis du vil se om den er på hylla.








Skreve av Marie.

1 kommentar:

Leselysten sa...

Denne boken har jeg også lest! Det var en sterk opplevelse. Fortellingen er gripende som du sier, og slutten - den kom overraskede og gir meg frysninger når jeg tenker på den.
Frøydis