mandag 30. mars 2009

Madonnagåten


Forfattar: Knut Nærum

Utgitt: 2005


Madonnagåten er ein parodi på Da Vinci koden, ei bok som for eit par år tilbake, trua med å selge meir eksemplarar enn Harry Potter, av uvisste årsakar. Knut Nærum har lagt handlinga til norske forhald, og han har klart å vikle inn stort sett alt som tenkes kan av uskyldege institusjonar. Du bør ha lest(og kanskje fnyst) av Da Vinci koden for å skjønne ironien og humoren, men når det er sagt, så er humornivået relativt enkelt.

Det er lett underhaldning, og kan lett lesast i påska(men pass deg for å sitere høgt frå boka til andre utenforstående, då det ikkje er så morosamt tatt ut av kontekst. Tru meg, eg veit).
- Marie

mandag 23. mars 2009

the Cocka Hola company


Forfattar: Abo Rasul

Utgitt: 2001


Viss du er litt lei konvensjonelle bøker med eit vanleg handlingsforløp, oppbrukt moral og eit poeng som ein kan sjå i begynninga, men som stavrar seg fram gjennom heile boka, for så å bli slengt i ansiktet på deg som eit skilt med overdrevent mye lys, så bør du lese the Cocka Hola company. Undertittelen på boka er "skandinavisk misantropi", og berre det beskriv boka ganske godt. Ho handlar om eit pornofilmselskap, med ein rekke originale karakterar som utførar sine respektive delprosjekt som ikkje nødvendegvis har noke med porno å gjere. Ein har skreve under på ei kontrakt som sier at han skal bli heltidsalkis iløpet av fem år, ein anna pjuskar med ein rekke prosjektar som stort sett handlar om å gjere livet så surt som mogleg for så mange som mogleg. I tillegg til dette har dei sine problemar innad i bedrifta, og dei prøvar å fikse det på eit vis som forårsaker minst mogleg stress.

Forfattaren har sjølvsagt som hensikt å kritisere dagens samfunn, og verkemidlane han bruker, er mange og spennende. Det er ikkje teknisk godt skreve, men oppbygninga er flott og og spedd med akkurat så lite struktur at det går an å følge boka.


Les ho, du blir glad i livet ditt!
Marie

mandag 16. mars 2009

Motorsykkeldagbøkene


Utgitt: 2004
Språk: spansk

Motorsykkeldagbøkene er ein film om korleis den unge medisinstudenten Ernesto "Che" Guevara legg ut på ei reise for å oppdage det verkelige Sør-Amerika, og med seg har han kompisen Alberto Granado. Dei sett seg på motorsykkelen, fullpakka med det dei måtte trenge av utstyr, og kjører av sted.
Formålet for turen er opphavlig eventyrlyst, ikkje så ulikt den backpackerkulturen me har i dag, men problemstillingane byggjar seg opp, og dei romantiske unggutane som susar ivrig av sted på motorsykkelen for å oppdage eit kontinent, oppdagar eit og anna om livet og levevilkåra til andre menneske på den åtte månader lange turen.
Eg såg filmen ein sommar eg plutselig hadde Canal+ tilgjengeleg, og sjølv om filmen var lang og verker grå og kjedelig i begynnelsen, så forelska eg meg tvert. Det er ikkje så mykje openbar action, men det er mykje å ta tak i, og mykje å tenkje over. Det er ein fin liten dose romantikk, ein passelig del moral ein ikkje tenkjer over, og ein veldig godt laga film.
I tillegg er jo skodespelaren så kjekk, og berre det kan vere argument nok i seg sjølv!

Marie

fredag 13. mars 2009

Lettlest bok som ungdommer kanskje vil like?



Christian Valeur : Steffen tar sin del av ansvaret

Dette er Christian Valeurs første bok. Forfatteren er 23 år gammel og tidvis imponerer han i denne romanen som handler om en ung mann som føler skyld for verdens forurensing, og denne unge mannen bestemmer seg for å gjøre noe med det. Språket er lett og ungdommelig, og dialogene er satt opp på en spesiell måte. Jeg var ikke overbegeistret da jeg hadde lest ferdig denne boken, men jeg tror kanskje at ungdommer vil vurdere den på en annen måte.

En virkelig god bok!


Elizabeth Laird: Appelsiner i ingenmannsland, 94 sider

Dette er en ungdomsbok du bare må lese! Vi er i Beirut, og det er Ayesha 10 år som forteller historien om hvordan det er å være barn i en krigsherjet by. Moren til Ayesha blir drept av bomber, og Ayesha og bestemoren må ta seg av Ayeshas to små brødre. Men hva skjer når bestemorens medisiner tar slutt? Bestemor holder på å dø, og kan Ayesha klare å komme seg gjennom mange militære kontrollpostene for å hente de livsviktige medisinene til bestemor?
Konklusjon: Jeg er ganske lettrørt, men det er likevel ikke ofte jeg gråter når jeg leser ungdomsbøker, spesielt ikke på jobb. Men nå har tårene trillet sammenhengende de siste 15 minuttene, og jeg er evig takknemlig for at jeg bor i et stille og fredelig land. LES LES