mandag 16. mars 2009

Motorsykkeldagbøkene


Utgitt: 2004
Språk: spansk

Motorsykkeldagbøkene er ein film om korleis den unge medisinstudenten Ernesto "Che" Guevara legg ut på ei reise for å oppdage det verkelige Sør-Amerika, og med seg har han kompisen Alberto Granado. Dei sett seg på motorsykkelen, fullpakka med det dei måtte trenge av utstyr, og kjører av sted.
Formålet for turen er opphavlig eventyrlyst, ikkje så ulikt den backpackerkulturen me har i dag, men problemstillingane byggjar seg opp, og dei romantiske unggutane som susar ivrig av sted på motorsykkelen for å oppdage eit kontinent, oppdagar eit og anna om livet og levevilkåra til andre menneske på den åtte månader lange turen.
Eg såg filmen ein sommar eg plutselig hadde Canal+ tilgjengeleg, og sjølv om filmen var lang og verker grå og kjedelig i begynnelsen, så forelska eg meg tvert. Det er ikkje så mykje openbar action, men det er mykje å ta tak i, og mykje å tenkje over. Det er ein fin liten dose romantikk, ein passelig del moral ein ikkje tenkjer over, og ein veldig godt laga film.
I tillegg er jo skodespelaren så kjekk, og berre det kan vere argument nok i seg sjølv!

Marie

Ingen kommentarer: