onsdag 31. oktober 2012

Film: I fars namn


Filmen “I fars namn” (In the name of the father) er eit drama som ble filmatisert i 1993. Historia er ein sann forteljing frå 70-årene i Storbritannia. Filmen er regissert av den irske regissøren Jim Sheridan, som har vore Oscar-nominert fleire gonger. Dei viktigaste rollane speles av Daniel Day-Lewis, Emma Thompson og Pete Postlethwaite.

Filmen handlar om Gerry Conlon, ein ung mann som bur i Belfast og fordriv tida si med steling. Handlinga er lagt til konflikten mellom Irland og England i 1970-årene. Britiske soldatar mistenkjer Gerry for å være en snikskyttar frå IRA, og i eit lokalt opprør mot dei britiske soldatane, kvar Gerry får sjølve IRA på nakken, avgjer Gerrys far, Giuseppe, at sonen bør forlate byen for å halde seg unna trøbbel. Gerry er sende til sin tante i London, men flyttar i staden inn i et kollektiv av hippiar saman med sin venn Paul Hill. Mens Gerry og Paul er i London blir ein pub i Guildford sprengt av ein bombe. Som irsk i London, er Gerry og Paul på feil stad til feil tid. Dei, samt fleire frå kollektivet, blir arrestert og henta inn til avhøyr under den nye “terroristlova”, ein lov utvikla av myndigheitene for å prøve å fakke terroristane. Under avhøyra blir Gerry utsette for vald, manipulasjon og truslar og tvinges til å underskrive ein tilståing på at han, saman med Paul og eit par andre frå kollektivet, står bak sprenginga av puben i Guildford.  I retten blir dei overkøyrt av rettssystemet og politiet og idømd lange fengselsstraffer. Gerrys tante i London, hennar barn og Gerrys far arresteras som medhjelparar og blir også dømd. Ein lang og tøff kamp for fridommen og rettferd byrjar.

 “I fars namn” er ein godt utført film som eg fann kvalitet i. Filmen stiller samfunnskritiske spørsmål om rettferd og gav meg nye perspektiv. Eg sett stor pris på filmar som gjer innsikt, og det syns eg at eg fekk av denne. Ein god film treng ikkje å ha intense biljaktar eller klissete kjærleikscener for å oppnå noko, ofte er det enkle det aller beste. Der syns eg denne filmen framheva seg. Den er enkel i utforming, men samtidig sterk og brutalt ærleg.

Eg vil difor gi filmen terningkast 6, og anbefala den varmt.
 
Her kan du se om vi har den inne.
Regine, Alta VGS Biblioteket

Ingen kommentarer: