mandag 23. februar 2009

A long way down


Forfattar: Nick Hornby
Utgjeve i: 2005

A long way down, eller Fritt fall som den e oversatt til på norsk, er ei forteljing som fire menneske som på nyttårsaftan møtast på toppen av Topper`s house, ei av dei meir populære endestasjonane for Londons sjølvmordskandidatar.

Dei fire vidt forskjellige personane, finner ei slags utfordring i kvarandre, og i staden for å hoppe den kvelden, legg dei ut på ei jakt etter ein ekskjæraste, som angivelig skal ha forårsaka det eine nesten-sjølvmordet. Ekskjærasten tilhøyrar Jesse, ei opprørsk tenåringsdotter av ein statssekretær, med tydelige ambisjonar om å volde så mykje smerte som mogleg.

Dei tre andre i gjengen, består av Martin, ein avdanka tv-kjendis som sliter med at egoet ikkje blir tilfredsstilt på same måte som før, Maureen, som har ein sterkt handikapa son som gjer livet kjipt for ho, utan at ho eigentlig vil innrømme det for nokon, og JJ, ein musikar frå Amerika.

Dei blir einige om å leve dei separate liva sine uavhengig av dei andre, med unntak av dei møta dei har, der dei kan fortelje om kor for jævlig liva deira er. Innimellom skildringa av disse møta, blir historia til dei forskjellige hovudpersonane fortalt i dagbokform av kvar av dei, og ein får eit subjektivt innblikk i korleis dei taklar kvardagen, og korleis dei blir påverka av møta dei har innimellom.

Det er ei morosam historie om eit alvorlig tema, men Hornby dreg den aldri for langt i så forstand. Han er heller ikkje høgtidelig og prøvar å ”respektere” temaet sjølvmord, så boka er ei fornøyelse å lese. Ho har eit genialt lett språk, både på originalspråket og i den norske versjonen, og du lever deg lett inn i historia.

Ingen kommentarer: