Forfattar: Abo Rasul
Utgitt: 2001
Viss du er litt lei konvensjonelle bøker med eit vanleg handlingsforløp, oppbrukt moral og eit poeng som ein kan sjå i begynninga, men som stavrar seg fram gjennom heile boka, for så å bli slengt i ansiktet på deg som eit skilt med overdrevent mye lys, så bør du lese the Cocka Hola company. Undertittelen på boka er "skandinavisk misantropi", og berre det beskriv boka ganske godt. Ho handlar om eit pornofilmselskap, med ein rekke originale karakterar som utførar sine respektive delprosjekt som ikkje nødvendegvis har noke med porno å gjere. Ein har skreve under på ei kontrakt som sier at han skal bli heltidsalkis iløpet av fem år, ein anna pjuskar med ein rekke prosjektar som stort sett handlar om å gjere livet så surt som mogleg for så mange som mogleg. I tillegg til dette har dei sine problemar innad i bedrifta, og dei prøvar å fikse det på eit vis som forårsaker minst mogleg stress.
Forfattaren har sjølvsagt som hensikt å kritisere dagens samfunn, og verkemidlane han bruker, er mange og spennende. Det er ikkje teknisk godt skreve, men oppbygninga er flott og og spedd med akkurat så lite struktur at det går an å følge boka.
Les ho, du blir glad i livet ditt!
Marie
1 kommentar:
Denne har jeg ikke lest. Skal sette den på leselista mi med det samme. Takk for tipset :-)
Solgunn
Legg inn en kommentar