mandag 5. januar 2009

For begynnere

Når ein vil ha innblikk i eit tema som ein ikkje kan så veldig mykje om frå før av, så sjekkar ein det gjerne opp på wikipedia, og viss ikkje det var tilstrekkelig, så googler ein kanskje det.

Men viss ein vil hente informasjon utover det, så kan internett bli litt for stort. Da er bøker ein fin ting å ha.

Men så er no bøker eit relativt stort medium det òg. Her på skulebiblioteket kan du søke på ein datamaskin etter ynskjet tema, og du får opp ein million valmoglegheiter. (Ein skal alltid overdrive eller sette ting på spissen når ein vil ha fram eit poeng, det har eg lært). Og det kan bli litt mykje i velje mellom. Så kvifor ikkje prøve ein innføring for nybegynnarar? Eg er forelska, for eg har lært mykje av den serien me har på skulebiblioteket. Vil du for eksempel vite ein del(men ikkje alt for mykje) om Freud? Eller kanskje du har prosjektarbeid i religion, og treng ein fin innføring i Islam? Me har ein serie som heite for ”For nybegynnere”, og der kan du finne tak i forskjellige tema du måtte finne praktisk eller interessant å lære om. Dei er lesarvennlige, full av flotte illustrasjonar og akkurat passe lange. Ei pocketbok er levelig for dei fleste.

Av dei eg fann på skulebiblioteket så kan du velje mellom nybegynnarinnføring i blant anna: Nietzsche, Islam, Buddha, Freud, Platon, Jung, psykologi, Darwin, Sartre osv.

Dette blir gøy.


Skreve av Marie.

1 kommentar:

Solgunn sa...

Veldig lurt å trekke frem disse bøkene. Gleder meg til å se hva du presenterer neste gang :-)